Ny verdscup-siger til Pål - nummer fire samanlagt

Postet av Gol IL - Langrenn den 8. Des 2014



Mange har hatt store forventningar til Pål Golberg i år, og mini-touren på Lillehammer i helga viste at han er i rute. Rett nok ikkje i toppform, men god nok til å vere suveren på sprinten fredag, og vere heilt i ryggen på dei aller beste på distanse.
Etter den flotte sprintsigeren fredag, gjekk han ein god 10-kilometer i fristil laurdag. Eit fall mot slutten øydela ei enda bedre plassering, og gjorde utgangspunktet søndag vanskelegare.
Likevel var han berre ein hårsbredd frå pallen, men for ein gongs skuld tapte han ein spurt mot Sjur Røthe og vart nummer fire.
No ynskjer vi berre at Pål held seg frisk i år, og finslipar forma fram mot Falun-VM.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc