Klubbmesterskap på gnistrande føre

Postet av Gol IL - Langrenn den 24. Mar 2015




Heile 67 deltakarar deltok i klubbmeisterskapen tysdag (24. mars). Gnistrande føre gjorde det ideelt med fristil, og spesielt mange av deltakarane var under 10 år. Det er svært gledeleg med tanke på rekrutteringa vidare framover.
Innsatsen var upåklageleg hjå alle, alt frå dei som gjekk sitt fyrste skirenn til dei som har kjempa med dei beste i Norgescup og NM. (Biletet: Knut Skrindo på Golsfjellet Rundt)

Takk for ein flott sesong til alle deltakarar og foreldre.

RESULTAT KLUBBMEISTERSKAP FRISTIL 2015








Klubbmesterskap fristil tysdag 24. mars

Postet av Gol IL - Langrenn den 20. Mar 2015

Velkomen til klubbmesterskap fristil på Solseter
Tirsdag 24. mars kl 18.00
Påmelding fra kl 17.30
Fellesstart





Golsfjellet rundt med flott ver og føre

Postet av Gol IL - Langrenn den 14. Mar 2015


Dei i alt omlag 160 løparane som stilte i årets Golsfjellet Rundt fekk ei oppleving som dei seint vil gløyme. Eit fantastisk ver og eit superraskt føre i flotte løyper skapte ei ramme rundt rennet som ein knapt har opplevd før. Arrangementet gjekk som vanleg som smurt med Oset Høyfjellshotell som base.
Valdrisen Eivind Bakkene vann rennet, men dei lokale løparane var svært nær. Både Anders Engene Bjåland, Jonas Køso Svarstad, Knut Skrindo og Halstein Hoftun gjekk svært sterke løp.
Av den eldre garde imponerte Arne Jørgen Rust og Håkon Skrindo med svært solide løp.

RESULTATLISTE GOLSFJELLET RUNDT 2015
Biletet: Anders Engene Bjåland - beste Goling

Video (Mobilkvalitet):


Berre nesten for Pål i Drammen

Postet av Gol IL - Langrenn den 13. Mar 2015




Alt såg lyst ut for Pål Golberg under verdscup-sprinten i Drammen onsdag. For oss som såg han i aksjon lova det svært godt då han vann kvartfinaleheatet i suveren stil. Han gjorde og ein god prolog. No skulle det endeleg lukkast.
Men, som så mange gongar denne sesongen, gjekk det ikkje Pål sin veg. I semifinalen vart han passiv, og greidde aldri å avansere frå sisteplassen.
Dermed måtte han ta til takke med tiandeplass.

Resultat WC-sprint Drammen









Emil og Knut med gode prestasjonar i junior-NM

Postet av Gol IL - Langrenn den 13. Mar 2015






Junior-NM i Hommelvik vart ei god oppleving for løparane våre. Best gjekk det med Emil Intelhus Brøto. Med 12. plass på 10 km klassisk laurdag viste han at han er med i toppskiktet. Konkurransen i klassen er beinhard, så Junior-NM viste at han er på rett veg.
Knut Skrindo har etablert seg rundt dei 60 beste løparane i Noreg. Med plasseringane 59 og 69 (fri/klassisk) dokumenterte han den fine framgangen han har hatt i år. Det lovar godt for neste sesong. Etter mykje sjukdom viste også endeleg Jonas Køso Svarstad seg fram. På 15 km fri teknikk vart han nummer 87, og viste at han no er i klar framgang. Morten Rese og Tor-Magnus Skredegård var dei andre deltakarane frå Gol i årets NM.

Resultatside Junior-NM



Klart for Junior-NM

Postet av Gol IL - Langrenn den 4. Mar 2015



Det er klart for Junior-NM 2015. Renna blir avvikla med fristil fredag, klassisk laurdag og stafettar søndag.
Vi ynskjer Tor-Magnus, Emil, Morten, Jonas og Knut lykke til med NM-helga!

Følg med på arrangøren sine heimesider!


Flott innsats av Mari på Hovedlandsrennet

Postet av Gol IL - Langrenn den 4. Mar 2015



Mari Lindmo Kvanneberg var eneste deltaker fra Gol IL Langrenn på Hovedlandsrennet i Langrenn, som ble arrangert på Storås Skiarena, Stokke 27/2 - 1/3. Mari gikk fristil i Jenter 15 år på fredag, og ble nummer 33 av ialt 201 deltakere i hennes klasse.
Hun ble tredje beste løper fra Buskerud i klassen, og var godt fornøyd med gjennomført renn.
Det var mildvær og regn dagene i forveien. På fredag var det mildvær og sol, og tunge oppgåtte løyper utover dagen da Mari skulle starte.

RESULTAT HL-2015, J-15 Fristil


Solid innsats i Gaurhovdrennet

Postet av Gol IL - Langrenn den 3. Mar 2015




Gaurhovdrennet 2015 (22. februar) vart prega av mange sterke resultat av Gol IL sine løparar. Chrisander Skjønberg Holth vann rennet, men ikkje langt bak kom både Anders Engene Bjåland og Knut Skrindo inn til svært sterke tider og plasseringar.
Rennet gjekk i noko tunge forhold med ein del fokksnø i fjellet. Ei vinnartid på 1.05.50 på 25 km er difor svært respektabelt.
Fleire andre juniorar, seniorar og "senior pluss" frå Gol deltok og i rennet. På biletet (arkiv) ser vi Ivar Bjørkedokken.

RESULTAT GAURHOVDRENNET 2015


God KM-innsats - to bronse til Emil

Postet av Gol IL - Langrenn den 26. Jan 2015


To bronsemedaljer til Emil Intelhus Brøto, (biletet) og fleire gode prestasjonar vart fasiten etter KM-helga i Søndre Buskerud. Nok ein gong gjekk Emil to gode løp, men nådde ikkje heilt til topps, korkje i fristil på laurdag eller klassisk på søndag.
Knut Skrindo gjekk og to gode renn, og særleg søndag var han svært nær ei mykje bedre plassering, berre drøye minuttet bak vinnaren. Andre Golingar i KM var Sondre Ween Helberg, Jonas Køso Svarstad og Morten Rese.

RESULTAT KM FRISTIL 2015
RESULTAT KM KLASSISK 2015


Emil på veg mot toppen

Postet av Gol IL - Langrenn den 20. Jan 2015




Emil Intelhus Brøto viste i helga at han har sikta seg inn mot toppen av norsk langrenn. Både i distanserenna og i sprinten under Norgescupen på Lygna (Oppland) hang han med dei beste. I sprinten laurdag var han ein hårsbredd frå finaleplass. Men, ein sjuandeplass av 174 deltakarar er topp. Emil avslutta helga med ein fin 11. plass på 7,5 km klassisk.
Emil, som no går på NTG Geilo starta helga med å bli nummer 17 på 10 km fri.
I same klasse debuterte Tor Magnus Skredegård i Norgescupen med ein fin 94. plass av 169 startande.
I klasse M-18 imponerte Knut Skrindo med 69-plass (av 130). Han følgde opp søndag med ein sterk 72.plass. I den same klassa vart Jonas Køso Svarstad nummer 84 og Morten Rese nummer 120 fredag.
POENGSTILLING NORGESCUP
RESULTAT DAG 1 NC-Lygna
RESULTAT NC SPRINT M-17
RESULTAT SPRINT M-18
RESULTAT NC KLASSISK M-17
RESULTAT NC KLASSISK M-18

























God start under Norgescupen på Lygna

Postet av Gol IL - Langrenn den 16. Jan 2015




Norgescuprenna på Lygna i Oppland starta i dag, fredag.Det har knytt seg spenning både til løparane på det nye Team Hallingdal, og ikkje minst til Emil Intelhus Brøto som no går på NTG Geilo.
Og satsinga viser alt resultat. Sjølv om Emil (M-17) vart nummer 17 var han berre eit halvt minutt frå ein femteplass.
I same klasse debuterte Tor Magnus Skredegård (biletet) med ein fin 94-plass av 169 startande.
I klasse M-18 imponerte Knut Skrindo med 69-plass av 130 startande. I den same klassa vart Jonas Køso Svarstad nummer 84 og Morten Rese nummer 120.

Fleire av Hemsedølene på Team Hallingdal imponerte og: Sevat Mestvedthagen vart nr 37 i M-17, Vetle U. Flaget nr. 23 i M-18 og Guro Jordheim vart nr. 19 i K19/20.

RESULTAT DAG 1 NC-Lygna



Emil på veg mot toppformen

Postet av Gol IL - Langrenn den 5. Jan 2015




Etter litt vekslande resultat til no i vinter, viste Emil Intelhus Brøto gryande storform under Eggedalsrennet søndag 4. januar. Emil var 16 fattige sekunder bak vinnaren i M17, på ei tid som ville ha gjeve gode plasseringar både i M-19/20 og M senior.
I klassen M-19/20 gjorde Knut Skrindo eit godt løpet. Sjølv om plasseringa ikkje vart heilt topp, var Knut berre eit og eit halvt minutt bak vinnaren, Sigurd Rønning.
Sondre Ween Helberg
RESULTAT EGGEDALSRENNET 2015
















Klart for tysdagsrenn 6. januar

Postet av Gol IL - Langrenn den 2. Jan 2015

Oppgaveliste tirsdagsrenn_2016.docx





Så er tysdagsrenna i gang att. Tysdag 6. januar kl. 18.00 er det klart for ny sesong. Alle små og store er velkomne!



Stafettlaget nr 7 i KM

Postet av Gol IL - Langrenn den 2. Jan 2015




Gol stilte med stafetlag i KM-stafetten på Ringkollen. Det enda med ein sjuandeplass i juniorklassen, der 12 lag deltok. Fin innsats av Knut Skrindo (1. etappe), Morten Rese (2. etappe) og av ankermann Emil Intelhus Brøto (biletet).
Vi må og gratulere Hemsedal IL med gull i den same klassen!!
RESULTAT KM STAFETT (Ringkollstafetten)


God innsats i Ribberennet - Pål slo alle

Postet av Gol IL - Langrenn den 2. Jan 2015





Dei få Golingane som deltok i Ribberennet på Liatoppen i romjula, gjorde sitt beste for å riste av seg julematen. Pål Golberg var det store trekkplasteret saman med Vetle Sjåstad Christiansen og Sondre Turvoll Fossli. Pål gjekk raskast av alle, medan mellom anna Knut Skrindo (biletet) leverte eit sterkt løp.
Resultat Ribberennet 2014


Powered by: Bloc